Salmane 80 N78NN

Reis oss opp att, Herre!

1 Til korleiaren. Etter «Liljene».Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.

2 Høyr oss, Israels hyrding,du som fører Josef som ¬ei hjord!Du som tronar over kjerubane,vis deg i stråleglans

3 for Efraim, Benjamin ¬og Manasse!Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp!

4 Reis oss opp att, Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

5 Herre, Allhærs Gud,kor lenge vil du la ¬din vreide rykamot folket ditt som bed til deg?

6 Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta,og tårer må dei drikka ¬i fullt mål.

7 Du lèt våre grannar stridast ¬om oss,og fiendane spottar oss.

8 Reis oss opp att, Allhærs Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!

9 Eit vintre reiv du opp i Egypt,du dreiv folkeslag ut ¬og planta det.

10 Du rudde grunnen for det,så det røtte seg og fylte landet.

11 Skuggen av det gøymde fjell,greinene løynde ¬mektige sedrar.

12 Det tøygde rankene ut til havetog renningane heilt ¬til Storelva.

13 Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet,så alle som går framom, ¬kan plukka,

14 så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det,og krypet på marka ¬kan eta av det?

15 Vend deg hit att, Allhærs Gud,skoda ned frå himmelen og sjå!Ta deg av dette vintreet,

16 verna om det ¬som du har plantamed di høgre hand,– sonen som du har gjeve ¬styrke!

17 Dei som brende opp treet ¬lik avfall,skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål.

18 Hald di vernande hand ¬over hansom er ved di høgre side,over mennesket ¬som du har gjeve styrke.

19 Så vil vi aldri vika frå deg.Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg!

20 Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud,lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!