1 Av David. Ein salme.Eg vil syngja om truskap ¬og rett,deg vil eg lovsyngja, Herre.
2 Eg vil gje akt ¬på den fullkomne vegen.Når vil du koma til meg?Med ærleg hjartavil eg ferdast i mitt hus.
3 På nidingsverk ¬vil eg ikkje tenkja.Eg hatar å bryta lova,slikt skal ikkje hefta ved meg.
4 Alt som er falskt,skal bort frå mitt hjarta!Eg vil ikkje vita av det vonde.
5 Den som baktalar sin neste,han vil eg tyna.Eg kan ikkje toladen som har stolte augoog eit hovmodig hjarta.
6 Eg ser på dei trufaste i landet,dei skal få bu hjå meg.Den som går ¬den fullkomne vegen,han skal tena meg.
7 Men den som fer med svik,skal ikkje få bu i mitt hus.Ingen som talar lygn,skal verta ståande ¬for mine augo.
8 Morgon etter morgon ¬gjer eg ende påalle gudlause i landet,og alle ugjerningsmennerrydjar eg ut or Herrens by.