Salmane 10 N78NN

1 Kvifor er du så langt borte, ¬Herre,kvifor løyner du deg ¬i trengselstider?

2 Dei gudlause jagar ¬i sitt hovmod ein stakkar,men vert sjølve fanga ¬med dei knep dei fann på.

3 Den gudlause skryter ¬av si grådige lyst,den griske forbannar ¬og vanvørder Herren.

4 Den gudlause seier ¬med hovmodig mine:«Han krev meg ikkje ¬til rekneskap!Det finst ingen Gud.»Så tenkjer han alltid.

5 Han har lukka med seg ¬i alt han gjer;dine domar er altfor høge ¬for han.Han blæs ¬åt alle sine motstandarar.

6 Han seier med seg sjølv:«Eg skal ikkje rikkast,og aldri skal eg lida naud.»

7 Hans munn er full ¬av forbanning,full av svik og vald;han har urett ¬og vondskap på tunga.

8 Han ligg på lur ved gardaneog drep i løynd den skuldlause.Han speidar etter ¬sitt verjelause offer;

9 han ligg på lur ¬som løva i krattetog vil gripa stakkaren ¬frå sitt bakhald,fanga han og ta han i garnet.

10 Han dukkar seg ned ¬og krøkjer seg saman,og den verjelause fell ¬for hans overmakt.

11 «Gud gløymer,» ¬seier han med seg sjølv,«han løyner sitt andlet ¬og ser aldri.»

12 Reis deg, Herre!Lyft di hand, Gud,gløym ikkje dei hjelpelause!

13 Kvifor skal dei gudlause ¬vanvørda Gudog seia med seg sjølve:«Du krev ikkje til rekneskap?»

14 Du ser både møde og sorg,du ser det alt ¬og tek det i di hand.Den verjelause ¬kan gje seg over til deg,for du er ein hjelpar ¬for farlause.

15 Bryt armen på den ¬som er gudlaus og vond,krev han til rekneskap ¬for hans gudløyse,så ho ikkje må finnast meir.

16 Herren er konge ¬for evig og alltid,framande folk ¬skal rydjast ut or hans land.

17 Herre, du høyrer ¬kva dei hjelpelause ynskjer,du vender øyra til ¬og gjev dei mot.

18 Dei som er farlause og trælka,hjelper du til deira rett.Menneske som er av jorda,skal ikkje lenger valda redsle.