1 Ein salme.Syng ein ny song for Herren,for han har gjort under!Hans høgre hand ¬har gjeve han siger,hans heilage arm ¬har hjelpt han.
2 Herren har gjort si frelse kjend,har vist si rettferd for folkeslag.
3 Han kjem i hug si miskunnog sin truskap mot Israels ætt.Alle folk på jord har settfrelsa frå vår Gud.
4 Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!Bryt ut i jubel og lovsong!
5 Syng og spel på lyre ¬for Herren,spel på lyre, ¬medan songen ljomar!
6 Lat hyllingsrop lyda ¬for kongen, Herren,til klangen av trompetar ¬og horn!
7 Havet og alt som er i det, ¬skal brusa,jorda og dei som der bur.
8 Elvane skal klappa i hendene,og fjella skal jubla i kor.
9 Dei skal jubla for Herren,for han kjem ¬og vil døma jorda.Han skal døma verda ¬med rettferdog folka med rettvise.