1 Ein Asaf-salme. Framande folk har trengt seg inni ditt arveland, Gud.Dei har gjort ¬ditt heilage tempel ureintog lagt Jerusalem i røys.
2 Dei har gjeve lika ¬av dine tenarartil føde for fuglane ¬under himmelen,og kjøtet av dine trugnetil villdyra på marka.
3 Dei har rent ut deira blod ¬som vatnrundt ikring Jerusalem,og det er ingen ¬som gravlegg dei.
4 Vi har vorte til hån ¬for grannane våre,til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5 Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6 Renn din vreide ut ¬over framande folk,som ikkje kjenner deg,renn han ut over kongerike,der ingen kallar på ditt namn.
7 For dei har gjort ende på Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8 Tilrekna oss ikkje dei syndersom våre fedrar gjorde.Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!For no er det ille med oss!
9 Hjelp oss, Gud,du som er vår frelsar,så ditt namn kan verta æra.Fri oss ut for ditt namn skuld,og tilgjev våre synder!
10 Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Gjer det kjent mellom folka,og lat oss få sjå at du tek hemnfor det utrende blodet ¬av dine tenarar.
11 Høyr korleis fangane sukkar!Løys med din veldige armdei som er vigde til døden!
12 Lat våre grannar ¬få sju gonger attfordi dei har spotta deg, Herre.
13 Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter,vil lovsyngja deg til evig tid,forkynna din pris ¬frå ætt til ætt.