Salmane 66 N78NN

Kom og sjå Guds gjerningar!

1 Til korleiaren. Ein song. Ein salme.Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda,

2 og syng om hans ¬herlege namn!Lovsyng Guds herlegdom

3 og sei til han:«Kor agelege ¬dine gjerningar er!» Di makt er så storat dine fiendar kryp for deg.

4 Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg,dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn. Sela

5 Kom og sjå Guds gjerningar!Ageleg er hannår han gjer sitt verk ¬mellom menneska.

6 Han gjorde sjøen til turt land,gjennom elva gjekk dei til fots. Lat oss gleda oss i han!

7 Han rår med velde til evig tidog held auga med folkeslag;dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje. Sela

8 Pris vår Gud, de folkeætter,lat lovsongen ljoma for han,

9 han som held oss i liveog ikkje lèt vår fot vera ustø.

10 For du har sett oss på prøve, ¬Gud,og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.

11 Du lét oss gå i garnetog la ei bør på våre hofter.

12 Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud,vi laut gå gjennom eld og vatn.Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.

13 Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus,eg vil halda mine lovnader ¬til deg,

14 dei lovnader som kom ¬over mine lipper,og som eg gav då eg var i naud.

15 Eg gjev deg gjøfe til brennofferog lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg;eg ofrar både oksar ¬og bukkar. Sela

16 Kom hit og høyr,alle de som har age for Gud,så skal eg forteljakva han har gjort mot meg.

17 Frå min munn steig ropet ¬til han,og på mi tunge var det lovsong.

18 Hadde eg hatt urett i tankar,ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg.

19 Men Gud har sanneleg høyrt!Han lydde på mitt bønerop.

20 Lova vere Gud,som ikkje sa nei til mi bønog ikkje tok si miskunn ¬frå meg!