1 Til korleiaren. Etter Gittit.Av Asaf.
2 Rop av fryd for Gud, ¬vår styrke,lat hyllingsrop ljoma ¬for Jakobs Gud!
3 Lat songen stiga ¬og handtrommer lydatil fagre tonar ¬frå lyre og harpe!
4 Blås i horn på nymånedagenog ved fullmåne, ¬på vår høgtidsdag.
5 For det er ei føresegn i Israel,eit påbod frå Jakobs Gud,
6 ei lov som han gav til Josefs ættdå ho drog ut or Egypt.Eg høyrer ei ukjend røyst:
7 Eg fria hans aksel for børa,hans hender slapp fri ¬frå berekorga.
8 Du ropa i di naud, ¬og eg berga deg;eg svara deg, løynd i toreskya,og prøvde deg ¬ved Meriba-vatnet. Sela
9 Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg!Israel, gjev du ville høyra ¬på meg!
10 Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud,du skal ikkje tilbe andre gudar!
11 Eg er Herren din Gud,som førte deg opp frå Egypt.Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!
12 Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg,Israel ville ikkje lyda meg.
13 Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var;og dei fylgde sine eigne planar.
14 Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg,gjev Israel ¬ville gå på mine vegar!
15 Snart skulle eg kua ¬deira fiendarog retta mi hand ¬mot deira motstandarar.
16 Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han,deira ulukketid skal alltid vara.
17 Men deg vil eg fø ¬med den beste kveiteog metta med honning frå fjell.