1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.
2 Ver meg nådig, Gud, ¬ver meg nådig!For eg flyr til deg.I skuggen av dine vengerfinn eg livd til ulukka ¬er over.
3 Eg ropar til Gud, Den Høgste,til Gud ¬som fullfører verket for meg,
4 at han må senda meg hjelp ¬frå himmelen,setja støkk i dei ¬som vil meg til livs, Selaog visa meg miskunn ¬og truskap.
5 Eg må liggja midt ¬imellom løversom vil gløypa menneske.Deira tenner er ¬som spyd og piler,deira tunge ¬som kvasse sverdet.
6 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,vis din herlegdom ¬over all jorda!
7 Dei sette garn for mine føter,djupt bøygde dei meg ned.Dei grov ei fallgrav for meg,men sjølve fall dei ned ¬i henne. Sela
8 Mitt hjarta er roleg, Gud,mitt hjarta er roleg.Eg vil syngja og spela.
9 Vakna, mi sjel,vakna, harpe og lyre!Morgonroden vil eg vekkja.
10 Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre,lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.
11 Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho,til skyene rekk din truskap.
12 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,vis din herlegdom ¬over all jorda!