1 Hjelp meg til min rett ¬og før mi sakmot folk som ikkje ¬viser miskunn!Fri meg, Gud, frå menneskesom fer med svik og vondskap!
2 For du er mitt vern, Gud.Kvifor har du støytt meg bort?Kvifor må eg gå og syrgjamedan fienden plagar meg?
3 Send ditt ljos og di sanning,lat dei leia megog føra meg ¬til ditt heilage fjell,til dine bustader.
4 Så kan eg gå til Herrens altar,til Gud, mi glede og min jubel,og syngja din pris til lyra,Herre, du min Gud.
5 Kvifor er du full av uro, mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.