Salmane 109 N78NN

Forbanning og velsigning

1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.Min Gud, som eg lovsyng, ¬ver ikkje tagal!

2 No opnar dei gudlause ¬munnen,ein svikefull munn, ¬imot meg.Dei talar til meg ¬med lygnartunge,

3 kringset meg med hatefull taleog strider mot meg utan grunn.

4 Til løn for min kjærleikklagar dei meg; men eg bed.

5 Dei løner godt med vondtog gjev meg hat ¬for min kjærleik.

6 Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus,lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side!

7 Lat han gå domfelt ¬frå retten,lat hans bøn verta halden ¬for synd!

8 Lat hans levedagar verta fåog ein annan ta hans embete!

9 Lat borna hans verta farlauseog kona hans enkje!

10 Lat borna flakka ikring ¬og be seg,gå tiggargang ¬frå øydelagd heim.

11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,framande skal rana ¬frukta av hans strev.

12 Ingen skal visa han ¬truskap meireller ynkast ¬over hans farlause born.

13 Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut,deira namn skal strykast ¬i neste ættled.

14 Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld,synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort.

15 Herren skal alltid ¬ha dei for auga,minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda.

16 For han tenkte aldri ¬på å visa truskap,men forfylgde dei arme ¬og fattige,og dei motlause ¬ville han drepa.

17 Han elska å forbanna– lat forbanning råka ¬han sjølv!Han lika ikkje å velsigna– lat han aldri få velsigning!

18 Han tok forbanning på ¬som ein kledning– lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn,i hans bein som olje!

19 Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i,som eit belte ¬han alltid bind om seg!

20 Lat dette vera Herrens løntil dei som klagar megog talar vondt imot meg!

21 Men, Herre, du min Herre,gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld!Berga meg i din godleik ¬og truskap!

22 For eg er arm og fattig,mitt hjarta er såra i min barm.

23 Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar;som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.

24 Knea sviktar fordi eg fastar,min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.

25 Eg har vorte til spott for dei,dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.

26 Hjelp meg, Herre, min Gud,frels meg i di miskunn!

27 Så skal dei merka di hand ¬bak detteog skjøna at du har gjort det, ¬Herre.

28 Om dei forbannar, ¬velsignar du.Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar,og din tenar kan gleda seg.

29 Lat mine fiendar ¬kle seg i vanæreog sveipa seg i skam ¬som i ei kappe!

30 Så vil eg takka Herren ¬med lovsong,midt i mengda vil eg prisa han.

31 For han står attmed den fattige,vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han.