Salmane 49 N78NN

Menneskeleg herlegdom forgår

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.Ein salme.

2 Høyr dette, alle folkeslag,lyd etter, ¬alle de som bur i verda,

3 både høg og låg, rik og fattig!

4 Min munn skal tala vise ord,vituge er mine tankar.

5 Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsordog løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra.

6 Kvi skal eg ottast i vonde dagarnår eg på alle kantarmøter svikarars vondskap?

7 Dei set si lit til sitt godsog briskar seg ¬av sin store rikdom.

8 Ingen kan løysa ut sin brorog gje Gud løysepengar ¬for han,

9 – det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri,det må gjevast opp for alltid –

10 så han kunne leva evigog aldri gå i grav.

11 Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy,dårar og dumme ¬går alle til grunneog etterlèt sitt gods til andre.

12 Grava vert deira heim ¬for evig,deira bustad frå ætt til ætt,endå dei samla seg ¬åker og eng.

13 Med all sin herlegdomkan mennesket ikkje ¬leva for alltid;liksom dyra må det døy.

14 Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve,det vert slutten for allesom er nøgde ¬med sine eigne ord. Sela

15 Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket,døden er deira hyrding.Dei ærlege skal rå over deinår morgonen renn.Deira skapnad ¬går i oppløysing,i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad.

16 Men Gud vil fria meg utor helheims vald,for han vil ta meg til seg. Sela

17 Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik,om velstanden aukar ¬i hans hus!

18 For når han døyr, ¬får han ingenting med,rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava.

19 Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet:«Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.»

20 Likevel går han til sine fedrarog får aldri meir sjå ljoset.

21 Med all sin herlegdomskjønar mennesket ingen ting;liksom dyra må det døy.