1 Til korleiaren. Etter «Mahalat».Ein læresalme av David.
2 Dåren seier i sitt hjarta:«Det er ingen Gud.»Vond og stygg er deira ferd,det finst ikkje éin ¬som gjer godt.
3 Frå himmelen skodar Gudned på menneska.Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug,nokon som søkjer Gud.
4 Alle har falle frå Gud,alle er dei vonde.Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,ikkje ein einaste.
5 Skjønar dei då ingen ting,desse ugjerningsmennene?Dei sluker mitt folk ¬som ein et opp brød,og kallar ikkje på Gud.
6 Men dei skal skjelva av redsle,dei som aldri var redde.For Gud skal strøya ut beinaav dei som fylkar seg mot deg.Du lèt dei verta til skammar.Ja, Gud har vraka dei.
7 Å, gjev det må komafrelse for Israel frå Sion!Når Gud vender lagnaden ¬for sitt folk,skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.