1 Halleluja!Lovsyng Herren frå himmelen,lovsyng han i det høge!
2 Lov han, alle hans englar,lov han, heile hans hær!
3 Lov han, sol og måne,lov han, kvar lysande stjerne!
4 Lov han, du høge himmel,du vatn oppover himmelen!
5 Dei skal lova Herrens namn,for dei vart skapte ¬då han baud.
6 Han lét dei få sin stad ¬for alltidog gav ei lov dei ikkje bryt.
7 Lovsyng Herren frå jorda,de store sjødyr og alle havdjup,
8 eld og hagl, snø og skodd,du storm som set hans ord ¬i verk!
9 De fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,
10 de ville dyr og alle slag fe,krypdyr og flygande fuglar!
11 De kongar på jord og alle folk,stormenn og styresmenn ¬i verda,
12 de unge menn og kvinner,gamle folk og gutar!
13 Dei skal lova Herrens namn,for berre hans namn ¬er opphøgt;hans herlegdom er utbreiddover himmel og jord.
14 Stor kraft har han gjeve ¬sitt folk.Difor får han lovsong ¬frå alle sine trugne,frå Israel, det folket ¬som får vera han nær.Halleluja!