Salmane 94 N78NN

Kor lenge skal dei vonde jubla?

1 Herre, du Gud som straffar,stig fram i stråleglans, ¬du straffande Gud!

2 Reis deg, du som dømer jorda,lat dei stolte få att ¬for det dei har gjort!

3 Kor lenge ¬skal dei gudlause jubla,kor lenge skal dei jubla, Herre?

4 Dei talar ein flaum ¬av frekke ord,alle ugjerningsmenner skryter.

5 Dei knuser ditt folk, Herre,og kuar din eigedom.

6 Enkjer og framande ¬slår dei i hel,og farlause myrdar dei.

7 Dei seier: «Herren ser ¬det ikkje,han merkar det ikkje, ¬Jakobs Gud.»

8 De må då skjøna, ¬de uvituge folk!Når skal de få vit, de dårar?

9 Høyrer ikkje han ¬som planta øyra,ser ikkje han som skapte auga?

10 Tuktar ikkje han ¬som fostrar folka,han som gjev menneska vit?

11 Herren kjenner ¬mannsens tankar,han veit at dei er ¬som ein pust.

12 Sæl er den du tuktar, Herre,den du gjev lærdom ved di lov.

13 Så lèt du han få roog friar han frå vonde dagar,til dess dei gudlause får si grav.

14 Herren vil ikkje støyta bort ¬sitt folkog ikkje svikta sitt arveland.

15 For rett skal atter verta rett,og den skal dei fylgja,alle dei ærlege av hjarta.

16 Kven vil stø meg ¬mot dei vondeog hjelpa meg ¬mot ugjerningsmenner?

17 Om ikkje Herren ¬var min hjelpar,låg eg snart i det stille landet.

18 Om eg må seia: ¬«Min fot er ustø,»så held din truskap meg oppe, ¬Herre.

19 Er mitt hjarta fullt ¬av urolege tankar,så er di trøyst til glede for meg.

20 Er du i pakt med ¬tynings domstol,som i strid med lova ¬skaper ulukke?

21 Dei slår seg saman ¬mot rettvise mennog dømer skuldlause til døden.

22 Men Herren er ei borg for meg,min Gud er fjellet ¬som eg flyr til.

23 Han lèt deira urett ¬råka dei sjølveog rydjar dei ut ¬for deira vondskap.Ja, Herren vår Gud ¬vil rydja dei ut.