1 Til korleiaren. Etter Gittit.Av Korah-songarane. Ein salme.
2 Kor elskelege dine bustader er,Herre, Allhærs Gud!
3 Mi sjel lengta, ¬ja brann av lengsle,etter Herrens tempelgardar.No jublar hjarta og kroppmot den levande Gud.
4 Ja, fuglen har funne ein heim,svala har fått seg eit reir,der ho kan leggja sine ungar,ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud,min konge og min Gud.
5 Sæle er dei som bur i ditt hus,dei skal alltid lova deg. Sela
6 Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg,dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet.
7 Når dei fer gjennom ¬den turre dalen,gjer dei han til ein kjeldevang;haustregnet legg si signing ¬over han.
8 Dei går frå kraft til kraft,til dei stig fram for Gud ¬på Sion.
9 Høyr mi bøn, Herre, ¬Allhærs Gud,lyd etter, du Jakobs Gud! Sela
10 Gud, vårt skjold, ¬vend augo hit,og sjå på han som du har salva!
11 Ja, éin dag i dine tempelgardarer betre enn tusen andre.Å stå ved dørstokken ¬til Guds huser betre enn å bu ¬i telt med gudlause.
12 For Herren vår Gud ¬er sol og skjold,Herren gjev nåde og ære.Den som er ærleg i si ferd,nektar han ikkje noko godt.
13 Herre, Allhærs Gud,sæl er den ¬som set si lit til deg.