Salmane 45 N78NN

Til bryllaupet åt kongen

1 Til korleiaren. Etter «Liljene».Av Korah-songarane. Ein læresalme.Ein song om kjærleik.

2 Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord,eg vil kveda min song ¬for kongen.Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel.

3 Du er den fagraste ¬av menneske,milde ord har du på lippa.Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid.

4 Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe,i di høgd og din herlegdom!

5 Ha lukka med deg!Dra ut til stridfor sanning, mildskap ¬og rett!Di høgre hand skal visa degskræmande storverk.

6 Dine piler er kvasse– folk stuper for deg;dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.

7 Din kongsstol, Gud,står til evig tid,rettferds stav er din kongsstav.

8 Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud,salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.

9 Av myrra, aloë og kassiaangar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespelfrå elfenbeinsprydde haller.

10 Mellom dine edle damerer det kongsdøtrer,og ved di høgre sidestår dronninga i Ofir-gull.

11 Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til!Gløym ditt folk og di farsætt,

12 så vil kongen gleda seg ¬over din venleik!For han er din herre, ¬han skal du hylla.

13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,dei rike i folket ¬søkjer din velvilje.

14 I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn,hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull.

15 I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen.Etter henne fylgjer unge jenter,hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg.

16 Medan folket ropar ¬av fryd og glede,går dei inn i kongens slott.

17 Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane;set dei til hovdingar ¬kringom i landet!

18 Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn;difor skal folka ¬lova deg evig og alltid.