Salmane 51 N78NN

Ver meg nådig, Gud!

1 Til korleiaren. Ein salme av David,

2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.

3 Ver meg nådig, Gud, ¬i din truskap,stryk ut mine brot ¬i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri ¬for skuld,og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,det som er vondt i dine augo, ¬har eg gjort. Så får du rett når du talar,og står der rein ¬når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,med synd vart eg avla ¬i mors liv.

8 Sjå, du har hug til sanning ¬i inste hjarta,så lær meg visdom ¬i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø!

10 Lat meg kjenna fryd og glede,lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn ¬for mine synder,og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta,gjev meg ei ny og stødig ånd!

13 Kasta meg ikkje bort ¬frå ditt åsyn,ta ikkje frå meg ¬din Heilage Ande!

14 Lat meg atter få fryda meg ¬over di frelse,hald meg oppe ¬med ei viljug ånd!

15 Så vil eg læra brotsmenn ¬dine vegar,og syndarar skal venda om ¬til deg.

16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,– du Gud som er min frelsar!Så skal eg jubla over di rettferd.

17 Herre, lat opp mine lipper,så min munn kan lovprisa deg.

18 For slaktoffer ¬har du ikkje hug på;kjem eg med brennoffer, ¬vil du ikkje ha det.

19 Nei, offer for Gud ¬er ei sundbroten ånd.Eit sundbrote og knust hjarta,det vanvørder du ikkje, Gud.

20 Gjer vel mot Sion i din nåde,bygg opp att murane ¬kring Jerusalem!

21 Då skal du ha hugnad ¬i dei rette offer– både brennoffer ¬og heiloffer,då skal dei ofra oksar ¬på ditt altar.