Salmane 68 N78NN

Gud kjem til dom og frelse

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.Ein song.

2 Gud reiser seg, og hans fiendar ¬vert spreidde;dei som hatar han, ¬rømer for hans åsyn.

3 Du driv dei bort som røyk.Dei gudlause går til grunne ¬for Guds åsyn,lik voks som brånar for elden.

4 Men dei rettferdige gleder seg,dei jublar for Gud ¬med fryd og glede.

5 Syng for Gud, ¬og pris hans namn!Ryd veg for hansom fer fram ¬gjennom øydemarkene.Herren er hans namn ¬– jubla for han!

6 Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjerer Gud i sin heilage bustad.

7 Gud lèt einsame finna ¬ein heim,han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel,men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land.

8 Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud,og skreid fram ¬gjennom øydemarka, Sela

9 då riste jorda, ¬og himmelen draupfor Gud på Sinai,for Herren, Israels Gud.

10 Du lét regnet strøyma, Gud,ditt arveland som var turka ut,gav du atter liv.

11 Der fekk di ætt slå seg ned;i din godleik, Gud,sytte du for dei hjelpelause.

12 Herren sender eit ord,og stor er skaren av kvinnersom kjem med gledebod:

13 «Kongar over hærar flyr! ¬Dei flyr!Kvinnene heime ¬deler hærfang.

14 Skal de verta sitjande ¬mellom kløvkorgene?Dua har sølv på vengene sine,og på vengefjørene ¬gulgrønt gull.

15 Då Den Allmektige ¬spreidde kongane,snøa det på Salmon-fjellet.»

16 Eit gudefjell er Basan-fjellet,Basan-fjellet ¬med dei mange tindar.

17 Fjelltoppar, kvifor ser de skeivttil fjellet som Gud ¬har valt seg til bustad,der Herren vil bu til evig tid?

18 Guds vogner er ti tusen ¬gonger tusen,i heilagdom kom Herren ¬frå Sinai.

19 Du steig opp til høgda.Fangar førte du med deg,og gåver tok du ¬mellom menneska,ja, jamvel mellom opprørarar.Der ville du bu, Herre Gud.

20 Lova vere Herren ¬frå dag til dag!Gud ber oss, ¬han er vår frelse. Sela

21 Gud er for oss ¬ein Gud som frelser,hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden.

22 Ja, han knuser hovudet ¬på sine fiendarog skallen på dei ¬som lever i synd.

23 Herren seier: ¬«Eg hentar dei frå Basan,eg fører dei tilbake ¬frå havsens djup.

24 Då kan du vaska føtene i blod,og hundane dine skal fåsin del av fiendane.»

25 Folk har sett ditt festtog, Gud,festtoget åt min Gud og kongeopp til heilagdomen.

26 Songarar går føre,sidan kjem harpespelararog i midten jenter ¬som slår på tromme.

27 Lovpris Herren Gud i kor,de som er av Israels kjelde!

28 Der er Benjamin, den yngste,som er herre over dei andre,Judas hovdingar i flokkog hovdingane i Sebulon ¬og Naftali.

29 Set inn din styrke, Gud,den makt som du, Gud,har vist mot oss,

30 frå ditt tempel i Jerusalem,der kongar kjem ¬med gåver til deg.

31 Rett ditt trugsmål ¬mot dyret i sevet,mot flokken av dei mektige,mot herrane over folka.Trakka ned dei ¬som trår etter sølv,og sprei dei folk ¬som er huga på strid!

32 Dei kjem med bronsevarer ¬frå Egypt;folket i Nubia skundar segog retter hendene ut til Gud.

33 De kongerike på jord, ¬syng for Gud,syng og spel for Herren, Sela

34 han som fer fram ¬over himmelen,den eldgamle himmel.Høyr, han lyfter si røyst, ¬ei veldig røyst!

35 Lat Gud få makt!Han har velde over Israel,hans makt når heilt til skyene.

36 Ageleg er Gud i sin heilagdom.Israels Gud, han gjev folket ¬kraft og styrke.Lova vere Gud!