Salmane 25 N78NN

Herre, syn meg dine vegar!

1 Av David.Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2 eg set mi lit til deg, min Gud.Lat meg ikkje verta ¬til skammar,lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3 Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar;til skammar vert berre deisom ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4 Herre, syn meg dine vegar,og lær meg dine stigar!

5 Lat meg få ferdast i di sanning;lær meg, Gud,for du er min frelsar!Eg ventar dagen lang på deg.

6 Kom i hug di miskunn, Herre,og dine velgjerningar;for dei er frå evig tid.

7 Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synderog mine misgjerningar!Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre,for din godhug skuld.

8 God og rettvis er Herren;difor viser han syndarar vegen.

9 Han leier dei arme ¬til det som er rett,og lærer dei hjelpelause sin veg.

10 Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskapmot dei som held hans pakt ¬og hans bod.

11 For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!

12 Kvar den ¬som har age for Herren,lærer av han ¬den veg han skal velja.

13 Han skal alltid ha det godt,og ætta hans skal arva landet.

14 Herren har fortruleg samfunnmed dei som ottast han,i pakta med han ¬får dei rettleiing.

15 Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren,for han dreg mine føter ¬ut or garnet.

16 Vend deg til meg ¬og ver meg nådig,for eg er einsam og i naud.

17 Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta,og før meg ut or mine trengsler!

18 Tenk på mi naud og mi møde,og tilgjev alle mine synder!

19 Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er!Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat.

20 Vern mitt liv og fri meg ut,lat meg ikkje verta til skammar;for eg flyr til deg.

21 Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre;for eg set mi von til deg!

22 Å, Gud, løys Israel utor alle trengsler!