Salmane 50 N78NN

Det rette offeret

1 Ein Asaf-salme.Herren, Gud over gudar, talar,han kallar på jorda ¬frå aust til vest.

2 Frå Sion, den fagraste krona,strålar Gud fram.

3 Vår Gud kjem, han teier ikkje.Framfor han ¬går ein øydande eld,ikring han stormar det sterkt.

4 Han kallar på himmelen ¬der oppeog på jorda; ¬for han vil døma sitt folk.

5 «Samla dykk hjå meg, ¬mine trugne,de som med offerhar gjort pakt med meg.»

6 Himmelen forkynner ¬hans rettferd;for det er Gud som dømer. Sela

7 Høyr, mitt folk, ¬for eg vil tala,Israel, eg vil vitna imot deg.Eg er Herren din Gud.

8 Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer,dine brennoffer ¬har eg støtt for auga.

9 Men eg tek ikkje oksar ¬frå ditt huseller bukkar frå dine kveer.

10 For mine er alle dyr i skogenog villdyra på dei tusen fjell.

11 Eg kjenner alle fuglar ¬under himmelen,og krypet på marka ¬høyrer meg til.

12 Var eg svolten, ¬bad eg ikkje deg om noko;for eg eig jorda ¬og det som fyller henne.

13 Skulle eg eta kjøt av oksarog drikka blod av bukkar?

14 Ber ditt takkoffer fram for Gud,gjev Den Høgste ¬det du har lova!

15 Kall på meg ¬den dag du er i naud,så vil eg fria deg ut, ¬og du skal prisa meg.

16 Men til den gudlause ¬seier Gud:Kva har du med ¬å forkynna mine bodog ta mi pakt i din munn,

17 du som ikkje vil vita av tuktog kastar mine ord ¬bak din rygg?

18 Ser du ein tjuv, ¬slår du fylgje med han,med ekteskapsbrytarar ¬held du lag.

19 Du slepper vondskap ¬ut or munnen,med tunga spinn du svik.

20 Du sit og talar imot bror dinog snakkar vondt ¬om son til mor di.

21 Det har du gjort ¬– og eg skulle teia?Meiner du at eg er som du?Nei, eg vil refsa degog halda det fram for deg.

22 Gjev akt på dette,de som gløymer Gud!Elles riv eg dykk sund,og ingen bergar.

23 Den som ber fram takkoffer, ¬ærar meg,og den som går ¬den rette vegen,skal få sjå Guds frelse.