Salmane 145 N78NN

Eg vil lovsyngja deg, min Gud og konge

1 Ein lovsong av David.Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge,og velsigna ditt namn ¬til evig tid.

2 Eg vil lova deg ¬kvar einaste dagog prisa ditt namn til evig tid.

3 Stor er Herren, ¬ja, høglova er han,uransakeleg er hans stordom.

4 Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning,fortelja om dei storverk ¬du gjer.

5 Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet,eg grundar på dine under.

6 Dei talar om ¬dine mektige gjerningar,eg fortel om dine storverk.

7 Dei kallar fram minnet ¬om all din godleikog syng med fagnad ¬om di rettferd.

8 Nådig og mild er Herren,langmodig og rik på miskunn.

9 Herren er god mot alle,miskunnsam mot alle ¬sine skapningar.

10 Heile din skapning takkar deg, ¬Herre,dei som held di pakt, ¬prisar deg.

11 Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme,fortel om di veldige kraft,

12 så menneska skal få kjenna ¬ditt veldeog den strålande herlegdomen ¬i ditt rike.

13 Ditt rike står ¬gjennom alle tider,ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt.

14 Herren støttar kvar den ¬som fell,og reiser alle nedbøygde opp.

15 Alle vender augo ventande ¬til deg,og du gjev dei mat i rette tid.

16 Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever,med det som godt er.

17 Rettferdig er Herren ¬i all si ferdog trufast i alt det han gjer.

18 Herren er nær ¬hjå alle som kallar,hjå alle som ærleg kallar på han.

19 Han gjer det dei ynskjer,dei som har age for han,han høyrer deira rop ¬og frelser dei.

20 Herren vernar alle ¬som elskar han,men dei gudlause ¬rydjar han ut.

21 Eg vil lovsyngja Herren;til evig tid skal alt som lever,lova hans heilage namn.