Salmane 107 N78NN

Herrens hjelp i nauda

1 Pris Herren, for han er god,hans miskunn varer ¬til evig tid!

2 Så skal Herrens utløyste seia,dei som han løyste ut or nauda

3 og samla frå andre land,frå aust og vest, frå nord og sør.

4 Somme fór vilt ¬i øydemark og hei;dei fann ikkje veg ¬til ein by å bu i.

5 Dei var svoltne og tyrsteog hadde ikkje kraft i si sjel.

6 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han fria dei ut or trengslene.

7 Han førte dei ¬på den rette vegen,så dei kom til ein by ¬dei kunne bu i.

8 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska,

9 at han sløkkjer ¬deira brennande torsteog mettar dei svoltne ¬med det som godt er.

10 Somme sat ¬i stummande mørker,hjelpelause, bundne i jern,

11 fordi dei hadde stått ¬Guds ord imotog vanvørdt dei råd ¬Den Høgste gav.

12 Deira hjarto var tyngde ¬av møde;dei snåva, ¬og det var ingen som hjelpte.

13 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han frelste dei ut ¬or trengslene.

14 Han førte dei ut ¬or stummande mørkerog sleit deira lekkjer sund.

15 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska,

16 at han sprengjer bronseportarog slår jernbommar sund.

17 Somme vart dårar ¬ved si syndige ferd,dei laut lida ¬for sine misgjerningar.

18 Alle slag mat baud dei imot,dei kom heilt til dødens portar.

19 Då ropa dei i si naud ¬til Herrren,og han frelste dei ut ¬or trengslene.

20 Han sende sitt ord og lækte deiog fria dei frå grava.

21 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under for menneska.

22 Dei skal bera fram takkofferog fortelja med fryd ¬om hans gjerningar.

23 Somme fór ut på havet ¬med skip,dreiv handel på store hav.

24 Dei fekk sjå ¬Herrens gjerningar,hans underverk ute på djupet.

25 Han baud, og det bles opp ¬til uver,havsens bylgjer gjekk høge.

26 Dei steig mot himmelen, ¬sokk i djupet,så folk miste motet i nauda.

27 Dei tumla og raga som drukne,var heilt frå sans og samling.

28 Då ropa dei i si naud ¬til Herren,og han førte dei ut ¬or trengslene.

29 Han fekk stormen til å stilna,havsens bylgjer fall til ro.

30 Glade vart dei då det stilna;han førte dei ¬til den hamn dei ynskte.

31 Dei skal takka Herren ¬for hans miskunn,at han gjer under ¬for menneska.

32 Dei skal lova han ¬når folket er samla,og prisa han der dei eldste sit.

33 Han gjorde elvar til øydemark,vassrike kjelder ¬til tyrstande land

34 og grøderik jord til saltlende;for dei som budde der, ¬var vonde.

35 Han gjorde øydemark ¬til sevgrodd tjørnog det turre landet til kjelder.

36 Der lét han dei sveltande ¬slå seg ned,dei fekk grunnleggja ein by ¬til å bu i.

37 Dei sådde åkrane til, ¬planta vintreog hausta frukta og grøda.

38 Han velsigna folket, ¬det voks seg stort,og han lét det ikkje vanta fe.

39 Men sidan minka dei i tal;dei vart bøygde og tyngdeav ulukke og sorg.

40 Han auste vanvørdnad ¬ut over stormennog lét dei villa seg bort ¬i veglaus audn,

41 men lyfte dei fattige opp ¬or armodog gjorde deira ætter ¬til ein talrik flokk.

42 Dei ærlege ser det ¬og gleder seg,men all vondskap ¬må lata att sin munn.

43 Den som er vis, ¬skal merka seg detteog akta ¬på Herrens velgjerningar.