1 Til korleiaren. Med strengespel.Etter «Den åttande». Ein Davids- salme.
2 Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide,og tukt meg ikkje i din harme!
3 Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus.Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.
4 Mi sjel er gripen av redsle.Kor lenge, Herre?
5 Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut,frels meg i di miskunn!
6 For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug.Kven prisar vel deg i dødsriket?
7 Eg er trøytt av å sukka,med tårer væter eg mi lege,eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.
8 Mitt auga er sløvt av bitter sorgog dimt av all den motstand ¬eg møter.
9 Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn,for Herren har høyrt min gråt.
10 Herren høyrde ¬då eg trygla og bad,han har teke imot mi bøn.
11 Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar.Dei skal gripast av redsleog brått snu om med skam.