1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Høyr mi røyst ¬når eg klagar, Gud,vern mitt liv ¬mot skræmande fiendar!
3 Gøym meg for dei vonde ¬som legg planar mot meg,for den bråkande hopen ¬av ugjerningsmenn.
4 Dei kvesser si tunge ¬som eit sverdog siktar på skuldfri mannmed beiske ord som piler;
5 dei vil skyta han i løynd.Brått skyt dei han ¬og reddast ikkje.
6 Fast er dei rådde på sin udåd.Dei talar om ¬å setja løynde fellerog seier: ¬«Kven kan vel sjå dei?»
7 Dei tenkjer berre på vondskap:«Vi er budde, ¬planen er uttenkt.»Uransakande er mennesket ¬i hjarta og hug.
8 Då skyt Gud ei pil imot dei,brått vert dei råka.
9 Deira eiga tunge ¬har ført dei til fall.Alle som ser dei, ¬rister på hovudet.
10 Alle menneske vert forfærde.Dei fortel om Guds gjerningog skjønar det verket han gjer.
11 Den rettferdige gleder seg ¬i Herrenog søkjer livd hjå han.Alle ærlege av hjarta ¬prisar seg lukkelege.