Salmane 139 N78NN

Kvar skal eg fara frå din Ande?

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme. Herre, du ransakar meg ¬og kjenner meg.

2 Anten eg sit eller står, ¬så veit du det,langt bortanfrå ¬merkar du mine tankar.

3 Anten eg går eller ligg, ¬så ser du det,du kjenner alle mine vegar.

4 Ja, før eg har eit ord på tunga,veit du det, Herre, fullt ¬og heilt.

5 Du kringset meg på alle ¬sider,du har lagt di hand på meg.

6 Det er for underfullt ¬til å skjøna,det er så høgt ¬at eg ikkje kan fatta det.

7 Kvar skal eg fara frå din Ande,kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8 Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der,og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg.

9 Tek eg morgonrodens ¬venger påog slår meg ned ¬der havet endar,

10 så fører du meg jamvel der,di høgre hand, ¬ho held meg fast.

11 Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna megog ljoset ikring meg ¬verta natt»,

12 så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg,og natta er ljos som dagen,ja, mørkret er som ljoset.

13 For du har skapt mitt indre,du har vove meg i mors liv.

14 Eg takkar deg fordi eg er skaptpå skræmeleg underfull vis.Underfulle er dine verk,det veit eg så vel.

15 Mine bein var ikkje dulde ¬for degdå eg vart skapt i løyndomog forma djupt i jorda.

16 Du såg meg då eg var eit foster,i di bok vart alt skrive opp;mine dagar fekk si formfør ein einaste av dei ¬var komen.

17 Kor høge dine tankar er, Gud,kor veldig summen av dei!

18 Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand;kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg.

19 Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud,og la drapsmennene vika ¬frå meg,

20 dei som talar svikefullt om degog reiser seg mot deg ¬i vondskap.

21 Eg hatar dine fiendar, Herre,har uvilje mot dei ¬som står deg imot.

22 Eg hatar dei ¬med eit grenselaust hatog held dei for mine fiendar.

23 Ransak meg, Gud, ¬og kjenn mitt hjarta,prøv meg og kjenn ¬mine tankar!

24 Sjå om eg er ¬på den vonde vegen,og lei meg på ævevegen!