Salmane 103 N78NN

Mi sjel, lov Herren!

1 Av David.Mi sjel, lov Herren!Ja, alt som i meg er,skal lova hans heilage namn.

2 Mi sjel, lov Herren,gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuldog lækjer all din sjukdom.

4 Han friar ditt liv frå gravaog kronar deg ¬med godleik og miskunn.

5 Han fyller ditt liv ¬med det som godt er,og gjer deg ung att som ørna.

6 Herren grip inn og frelser,lèt alle som er trælka, ¬få sin rett.

7 Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses,sine gjerningar for Israels folk.

8 Mild og nådig er Herren,langmodig og rik på miskunn.

9 Han kjem ikkje alltid ¬med klagemålog er ikkje evig harm.

10 Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synderog løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen ¬er over jorda,så stor er Herrens nådeover dei som ottast han.

12 Så langt som aust er frå vest,så langt tek han våre synder ¬bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine,er Herren miskunnsammot dei som ottast han.

14 For han veit korleis ¬vi er skapte,han kjem i hug at vi er støv.

15 Menneskelivet er som graset.Mennesket er som blomen ¬på marka.

16 Når vinden fer framom, ¬er han borte,staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han.

17 Frå æve til æve ¬er Herrens miskunnover dei som ottast han.Hans rettferd når ¬til barneborn

18 når fedrane held hans paktog kjem i hug hans bod,så dei lever etter dei.

19 Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen,han rår som konge ¬over alle ting.

20 Lov Herren, de hans englar,de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk,så snart de høyrer hans røyst.

21 Lov Herren, ¬alle hans hærskarar,de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje!

22 Lov Herren, ¬heile hans skaparverk,på alle stader der han rår!Mi sjel, lov Herren!