1 Ein salme av David, då han var i Juda-øydemarka.
2 Gud, du er min Gud, ¬som eg søkjer.Mi sjel tyrstar etter deg,min lekam stundar etter degi det aude, turre ¬og vasslause landet.
3 Så skodar eg deg ¬i heilagdomenog ser di makt ¬og din herlegdom.
4 For di miskunn ¬er betre enn livet.Mine lipper skal syngja ¬din pris.
5 Så vil eg lova deg ¬heile mitt livog lyfta mine hender ¬i ditt namn.
6 Då mettast mi sjel ¬som med feite retter,med jublande lipper ¬prisar eg deg.
7 Eg tenkjer på deg ¬når eg ligg og kviler,og grundar på deg ¬kvar nattevakt.
8 For du har vore ¬ei hjelp for meg,eg jublar ¬i skuggen av dine venger.
9 Mi sjel heng fast ved deg,du held meg oppe ¬med di høgre hand.
10 Men dei som står meg ¬etter livet,skal fara ned i jordedjupet.
11 Dei skal gjevast over ¬til sverds maktog verta til rov for sjakalar.
12 Men kongen skal gleda seg ¬i Gud.Alle som sver ved han, ¬skal jublanår lygnarane vert målbundne.