1 Ein Davids-salme.Herre, høyr mi bøn,vend øyra til mi inderlege bøn!Svar meg, du som er trufast ¬og rettferdig!
2 Stemn ikkje meg, din tenar, ¬for retten!For ingen som lever, ¬er rettferdig for deg.
3 Fienden forfylgjer meg,slår meg til jorda ¬og knuser meg.Han lèt meg sitja ¬i stummande mørker,lik dei som døydde ¬for lenge sidan.
4 Mi ånd er utan kraft,mitt hjarta stivnar i brystet.
5 Eg kjem gamle dagar i hug,eg tenkjer ¬på alle dine gjerningarog grundar på det verk ¬du har gjort.
6 Eg retter ut mine hender ¬til deg,eg lengtar etter degsom jorda tyrstar etter vatn. Sela
7 Skund deg og svar meg, Herre,elles går mi ånd til grunne. Løyn ikkje ditt andlet for meg,elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav.
8 Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen,for eg set mi lit til deg!Lær meg den veg eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.
9 Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre!Hjå deg søkjer eg livd.
10 Lær meg å gjera din vilje,for du er min Gud!Lat din gode Ande leia megpå jamne stigar!
11 Hald meg i live, Herre,til ære for ditt namn!Før meg i di rettferdut or trengsla!
12 Ryd ut mine fiendar,du som er trufast;gjer ende på ¬alle mine motstandarar!For eg er din tenar.