1 Ein Davids-salme.Herren seier til min herre:«Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren utdin mektige kongsstav.Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug framden dagen du mønstrar ¬din hær.I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til degsom dogg ¬ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore ¬og angrar det ikkje:«Du skal vera prest ¬til evig tidpå Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,han knuser kongar ¬på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik,hovdingar knuser han ¬vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ¬ved vegen,difor lyfter han hovudet høgt.