1 Av David. Ein læresalme.Sæl er densom får si misgjerning tilgjevenog si synd tildekt!
2 Sælt er det menneskesom Herren ikkje ¬tilreknar skuld,og som er utan svik i si ånd.
3 Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort,eg stunde heile dagen.
4 For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livskraft kvarvsom i sommarens hete. Sela
5 Då sanna eg mi synd for degog dulde ikkje mi skuld.Eg sa: «Eg vil sannamine synder for Herren.»Og du tok bort ¬mi syndeskuld. Sela
6 Difor skal alle trugnebe til deg i trengselstider.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.
7 Hjå deg finn eg livd,du vernar meg mot trengsleog lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg. Sela
8 Eg vil læra deg og visa degden vegen du skal gå.Eg vil la mitt auga kvila på degog gje deg råd.
9 Ver ikkje lik hest og muldyr,som ikkje har vit!I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel,elles kjem dei ikkje til deg.
10 Den gudlause har mange plager;men den som set si lit ¬til Herren,kransar han med miskunn.
11 Gled dykk i Herren!Bryt ut i jubel, de rettferdige!Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!