1 Eg elskar Herren,for han høyrde megdå eg trygla og bad.
2 Fordi han vende øyra ¬til meg,vil eg kalla på han ¬alle mine dagar.
3 Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg,helheims redsler greip meg,eg fann berre naud og sorg.
4 Då kalla eg på Herren:«Å, Herre, berga mitt liv!»
5 Herren er nådig og rettferdig,miskunnsam er vår Gud.
6 Herren vernar dei umyndige,han kom meg til hjelp ¬då eg var veik.
7 Kom til ro att, mi sjel,for Herren har gjort vel ¬imot deg!
8 Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden,mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.
9 Eg får ferdast for Herrens åsyni landet åt dei levande.
10 Eg trudde, jamvel då eg sa:«Eg er ille plaga.»
11 I min angst og mi uro sa eg:«Kvart menneske ¬er ein lygnar.»
12 Kva skal eg gje Herren attfor alle hans velgjerningar ¬mot meg?
13 Eg lyfter frelsesstaupetog kallar på Herrens namn.
14 Eg vil halda mine lovnader ¬til Herrenfor augo på heile hans folk.
15 Det er dyrt i Herrens augoat hans trugne døyr.
16 Å, Herre, eg er din tenar,din tenar ¬og son til di trælkvinne.Du har løyst mine lekkjer.
17 Eg vil bera fram takkoffer ¬til degog kalla på Herrens namn.
18 Eg vil halda mine lovnader ¬til Herrenfor augo på heile hans folk,
19 i føregardane til Herr ens hus,midt i deg, Jerusalem.Halleluja!