1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.Ein salme.
2 Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre,Jakobs lagnad har du vendt.
3 Du tok bort skulda åt folket dittog tilgav alle deira synder. Sela
4 All din harme tok du tilbake,din brennande vreide ¬lét du fara.
5 Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar,vend din uvilje bort frå oss!
6 Vil du vera harm på oss ¬for alltidog la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?
7 Vil ikkje du gje oss liv på nytt,så ditt folk kan gleda seg i deg?
8 Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre,og gjev oss di frelse!
9 Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier.For han talar fred ¬til sitt folk,til sine trugne,– berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!
10 Ja, hans frelse er nærfor dei som ottast han;hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.
11 Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre,rettferd og fred ¬kyssa kvarandre.
12 Truskap skal gro opp or jordaog rettferd sjå ned ¬frå himmelen.
13 Då gjev Herren det ¬som godt er,og landet vårt ber si grøde.
14 Rettferd går framføre han,og frelse fylgjer i hans fotefar.