1 Av Salomo.Gjev kongen dine domar, ¬Gud,lat kongssonen ¬få rettferd frå deg!
2 Så skal han døma ditt folk ¬med rettferdog dine armingar ¬med lov og rett.
3 Då skal fjella gje folket fredog haugane rettferd.
4 Gjev kongen må hjelpa ¬dei verjelause i folket,så dei får sin rett.Han skal berga dei fattigeog knusa valdsmannen.
5 Lat han leva frå ætt til ættså lenge sol og måne skin.
6 Han skal vera lik regnetsom fell på nyslegen eng,lik ei regnskur som væter jorda.
7 I hans dagar skal rettferd groog lukke og fred rådaså lenge månen er til.
8 Lat han styra frå hav til hav,frå Storelva til heimsens endar.
9 Dei som bur i øydemarka,skal bøya seg for han,hans fiendar skal slikka støvet.
10 Kongar frå Tarsis ¬og fjerne strenderskal senda skatt til han.Kongane i Saba og Sebaskal koma med sine gåver.
11 Han skal alle kongar hylla,han skal alle folkeslag tena.
12 For han bergar ¬den fattige som ropar,armingen ¬som ingen hjelpar har.
13 Han ynkast over småkårsfolkog bergar livet åt dei fattige.
14 Han løyser dei ¬frå tvang og vald,deira liv er dyrt i hans augo.
15 Gjev kongen må levaog få gullet frå Saba!Folk skal alltid be for hanog velsigna han dagen lang.
16 Lat det vera slik mengd ¬med korn i landetat det bylgjar over åsane.Lat grøda vera ¬som skogen på Libanon,lat byar bløma og breia seg ¬som graset på marka.
17 Lat namnet hans leva ¬til evig tid,skyta friske skot ¬så lenge sola skin.Alle folk ¬skal velsigna seg med detog prisa han sæl.
18 Lova vere Herren, Israels Gud,han som gjer under, ¬einast han!
19 Hans herlege namn ¬vere evig lova!All jorda er full ¬av hans herlegdom.Amen, amen. *
20 Her endar bønene av David, son til Isai.