1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre,vern meg mot menn ¬som gjer vald!
3 Dei har vonde tankar i hjartaog eggjar dagleg til strid.
4 Dei har kvasse tunger ¬som ormar,under lippene har dei eiter. Sela
5 Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand,vern meg mot menn ¬som gjer vald,og som gjerne vil få meg ¬til å snåva.
6 Stolte set dei snarer for meg,attmed vegen ¬spenner dei tog som garnog set feller for meg. Sela
7 Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud,Herre, høyr mi inderlege bøn!
8 Herre Gud, min sterke frelsar,du vernar mitt hovud ¬på stridens dag.
9 Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer,lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre! Sela
10 Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet.Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve!
11 Lat det regna gloande kol ¬ned over dei,lat dei falla i djupe groper,så dei ikkje kjem opp.
12 Dei som talar vondt ¬om andre,skal ikkje få vera i landet.Valdsmenn skal jagast ¬av ulukkeog få slag på slag.
13 Eg veit at Herren ¬fører saka for dei armeog hjelper dei fattige ¬til deira rett.
14 Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn,dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn.