Salmane 88 N78NN

Mitt liv er kome dødsriket nær

1 Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til.

2 Herre, du Gud ¬som er min frelsar,eg ropar til deg dag og natt.

3 Lat mi bøn koma fram for deg,vend øyra til mitt klagerop!

4 Mi sjel er mett av ulukker,mitt liv er kome dødsriket nær.

5 Eg vert rekna til dei ¬som steig ned i grava,eg er som ein mann utan kraft.

6 Eg er som ein død ¬mellom døde,lik falne som ligg i si grav;du kjem dei ikkje meir i hug,skilde som dei er frå di hand.

7 Du har lagt meg ¬i grava der nede,i den mørke, djupe avgrunn.

8 Din harme kviler tungt på megdu lèt dine brotsjøar ¬slå over meg. Sela

9 Du har teke mine kjenningar ¬frå megog gjort det så ¬at dei avskyr meg.Eg er innestengd ¬og kjem ikkje ut,

10 mitt auga sløvest av plager. Herre, eg ropar dagleg til degog retter hendene ut mot deg.

11 Gjer du vel under for dei døde,står daudingar opp ¬og prisar deg? Sela

12 Fortel dei om di miskunn ¬i grava,om din truskap i dødsriket?

13 Vert dine under kjende ¬i mørkret,di rettferd i gløymslelandet?

14 Men eg, Herre, ropar til deg,om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg.

15 Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre,kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg?

16 Eg er elendig, ja døden nær,og det har eg vore ¬frå ungdomen av;rådvill ber eg dine redsler.

17 Din brennande harme ¬slår over meg,dine redsler gjer ende på meg.

18 Heile dagen ¬er dei ikring meg som vatn,alle saman omringar meg.

19 Du har teke vener ¬og frendar ifrå meg,og mine kjenningar ¬held du borte.