Salmane 144 N78NN

Rett ut di hand frå det høge!

1 Av David. Lova vere Herren, mitt berg,som lærer opp mine hender ¬til stridog mine fingrar til krig!

2 Herre, mi miskunn og mi borg,mi festning ¬og min bergingsmann,mitt skjold, ¬som eg set mi lit til,du som legg folkeslag ¬under meg!

3 Herre, kva er vel eit menneske,sidan du kjennest ved det,eit menneskebarn, ¬sidan du aktar på det?

4 Mennesket er ¬som ein vindpust,dei dagar det lever, ¬som ein kvervande skugge.

5 Herre, senk din himmel ¬og stig ned,rør ved fjella, så det ryk av dei!

6 Lat lyna blinka, ¬så fiendane vert spreidde!Skyt dine piler, ¬så dei vert skræmde!

7 Rett ut di hand frå det høge,fri meg og frels meg ¬frå det djupe vatnet,frå dei framande mennene,

8 frå dei som brukar sin munn ¬til lygnog si høgre hand til svik.

9 Gud, eg vil syngja ein ny songog spela for deg ¬på tistrengja harpe,

10 du som gjev kongar sigerog friar ut David, din tenar.Berg meg ¬frå det vonde sverdet,

11 frels meg ¬frå dei framande mennene,frå dei som brukar ¬sin munn til lygnog si høgre hand til svik.

12 Våre søner liknar planter,dei veks seg høge ¬i ungdoms år.Våre døtrer er som søyler,hogne ut i tempelstil.

13 Våre stabbur er fulle,dei bognar av alle slag varer.Sauene våre ute på markeneaukar til tusen, ja mange tusen.

14 Når kyrne våre skal bera,hender det ikkje noko uhell,dei kalvar ikkje for tidleg.Ingen klagar og skrik ¬på våre gater.

15 Sælt er det folket ¬som har det så,sælt er det folket ¬som har Herren til Gud!