1 Til korleiaren. Ein læresalme.Av Korah-songarane.
2 Liksom hjorten stundaretter rennande bekker,såleis stundar mi sjeletter deg, min Gud.
3 Mi sjel tyrstar etter Gud,etter den levande Gud.Når skal eg få komaog stiga fram for hans åsyn?
4 Mine tårer har vorte min matbåde dag og natt.Dagen lang kjem folk og seier:«Kvar er no din Gud?»
5 Eg vil letta mi sjelog tenkja på det som var:at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet,drog i festtog til Guds husmed jubelrop og takkesong– ein pilegrimsskare i fest.
6 Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.
7 Mi sjel er full av uro;difor kjem eg deg i hugfrå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet,ja, frå Misar-berget òg.
8 Havdjup ropar til havdjup,og dine fossar durar.Alle dine brot og bylgjerslår no over meg.
9 Gjev Herren må senda ¬si miskunn om dagenog eg få syngja ¬hans pris om natta;eg bed til mitt livs Gud.
10 No seier eg til Gud, ¬mitt berg:«Kvifor har du gløymt meg,kvifor må eg gå og syrgja,medan fienden plagar meg?»
11 Det går meg gjennom ¬merg og beinnår mine fiendar spottar meg,når dei seier til meg ¬dagen lang:«Kvar er no din Gud?»
12 Kvifor er du full av uro, mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.