Salmane 9 N78NN

Han som hjelper dei hjelpelause

1 Til korleiaren. Etter «Mut labbén».Ein Davids-salme.

2 Eg vil takka deg, Herre, ¬av heile mitt hjartaog fortelja om alle dine under.

3 Eg vil gleda og fagna meg i degog lovsyngja ditt namn, ¬du Høgste.

4 For mine fiendar drog seg ¬tilbake,dei snåva og gjekk til grunne ¬for ditt åsyn.

5 Ja, du har ført mi sak ¬og min strid,har sett deg på trona, ¬du rettvise domar.

6 Du truga folkeslag, ¬gjorde ende på dei vondeog strauk ut deira namn ¬for evig.

7 Fienden er ferdig, ¬øydelagd for alltid;folket dreiv du ut or byane,og ingen minnest dei meir.

8 Herren tronar til evig tid,han har reist sitt domarsete.

9 Han dømer verda med rettferd,feller rettvis dom over folkeslag.

10 Herren er ei borg ¬for dei trælka,ei borg i trengselstider.

11 Dei som kjenner ditt namn, ¬lit på deg,for du sviktar ikkje dei ¬som søkjer deg, Herre.

12 Syng for Herren, ¬som bur på Sion,kunngjer hans storverk ¬mellom folka!

13 Han straffar dei ¬som er skuldige i drap,men tek seg av dei hjelpelauseog gløymer ikkje deira skrik.

14 Ver meg nådig, Herre, ¬og sjå den naudsom mine fiendar ¬har valda meg.Du fører meg opp ¬frå dødens portar,

15 så eg kan fortelja ¬om alle dine storverkog jubla over di frelse ¬i Sions portar.

16 Folkeslag sokk ¬i den grava dei grov,deira føter vart fanga ¬i garnet dei sette.

17 Herren openberra seg ¬og heldt dom;dei gudlause vart fanga ¬i si eiga gjerning. HiggajonSela

18 Til dødsriket ¬skal dei gudlause fara,alle folkeslag som gløymer Gud.

19 Men dei fattige ¬vert ikkje gløymde for alltid,dei hjelpelause ¬er ikkje for evig utan von.

20 Reis deg, Herre!Lat ikkje menneske få makta,lat folkeslag få ¬sin dom for ditt åsyn!

21 Set redsle i folka, Herre,så dei skjønar ¬at dei berre er menneske. Sela