Salmane 35 N78NN

Reis deg og hjelp meg, Herre!

1 Av David.Herre, strid mot dei ¬som strider mot meg,og kjemp mot dei ¬som kjempar mot meg!

2 Grip skjold og verje, ¬reis deg og hjelp meg!

3 Ta spyd og stridsøks framog gå mot dei ¬som forfylgjer meg!Sei til meg: «Eg er di frelse!»

4 Lat dei som står meg etter livet,verta til spott og spe!Lat dei som tenkjer ut vondt ¬imot meg,dra seg tilbake med skam.

5 Gjev dei må verta ¬som agner for vinden,når Herrens engel ¬støyter dei bort!

6 Gjev deira veg vert mørk og hål,når Herrens engel forfylgjer dei!

7 For utan grunn ¬har dei sett sitt garnog grave ei fallgrav for meg.

8 Lat ulukka koma uventa ¬over dei,og garnet dei sette, ¬fanga dei sjølve.Ja, lat dei falla i ulukke!

9 Men eg skal jubla i Herrenog gleda meg over hans frelse.

10 Då skal eg ropa ¬med kropp og sjel:«Herre, kven er som du,du som friar ¬ein hjelpelaus mannfrå den som er sterkare enn han,og bergar ein fattig stakkarfrå den som ranar han.»

11 Urettferdige vitne reiser segog spør meg om slikt ¬eg ikkje veit.

12 Dei løner godt med vondt,eg kjenner meg så einsam.

13 Eg gjekk i syrgjebunad ¬då dei var sjuke,og plaga meg med faste.Eg bad med hovudet ¬bøygt mot fanget

14 som for ein ven eller bror.Lik ein som syrgjer over si mor,gjekk eg nedbøygd, ¬i syrgjeklede.

15 Men når eg snåvar,samlast dei med glede;dei kjem imot meg og vil slåutan at eg veit om det,og så riv og slit dei utan stans.

16 Fråfalne som dei er,spottar og hånar dei,dei skjer tenner mot meg.

17 Kor lenge vil du sjå på, Herre?Berga mitt liv ¬frå dei som herjar,det beste eg har, frå løvene.

18 Eg vil takka deg ¬i den store samlingaog prisa deg ¬i den talrike flokken.

19 Lat ikkje svikefulle fiendarfå triumfera over meg!Dei som hatar meg ¬utan grunn,skal ikkje blunka hånleg ¬med auga!

20 Dei skaper ikkje fred ¬med sin tale,men mot dei stille i landettenkjer dei ut svikefulle ord.

21 Dei spilar opp munnen ¬imot meg,dei ropar spottord og seier:«Vi har sett det ¬med eigne augo!»

22 Du har sett det, Herre. ¬Tei ikkje!Ver ikkje langt borte frå meg, ¬Herre!

23 Reis deg, vakna ¬og hjelp meg til min rett,min Gud og Herre, før mi sak!

24 Døm meg i di rettferd, ¬Herre, min Gud,lat dei ikkje triumfera ¬over meg!

25 Lat dei ikkje tenkja med seg:«Ha-ha, det gjekk ¬som vi ynskte.»Lat dei ikkje seia: ¬«Vi har slukt han.»

26 Lat dei som jublar ¬når det går meg gale,få skam og vanære.Lat dei som briskar seg ¬mot meg,kle seg i skam og skjemsle.

27 Men dei som ynskjer ¬at eg får min rett,skal fegnast og vera gladeog alltid tenkja: ¬«Stor er Herren,som unner sin tenar ¬lukke og fred!»

28 Mi tunge skal tala ¬om di rettferdog lovsyngja deg heile dagen.