1 Ein song til festferdene.Herre, kom David i hugfor all den møda han heldt ut!
2 Han svor Herren ein eid,gav Jakobs Veldige ein lovnad:
3 «Eg går ikkje inn i min bustadog legg meg ikkje på mi lege,
4 eg unner meg ikkje ¬blund på augo,lèt ikkje augneloka kvila
5 før eg har funne ¬ein stad for Herren,ein bustad for Jakobs Veldige.»
6 Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata,vi fann henne ¬på Ja’ar-markene.
7 Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustadog kasta oss ned ¬for hans fotskammel!
8 Reis deg, Herre, ¬og kom til den stadder du slår deg til ro,du og ditt veldes kiste.
9 Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd,og dei som held di pakt, ¬skal jubla.
10 For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg ¬den du har salva!
11 Herren har svore David ¬ein eid,eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå:«Menn av di ættvil eg setja på din kongsstol.
12 Dersom sønene dine ¬held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal deira søner ògfor alltid sitja ¬på din kongsstol.»
13 For Herren har valt ut Sion,som han vil ha til bustad:
14 «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid,her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.
15 Maten på Sion vil eg velsigna,og dei fattige vil eg metta ¬med brød.
16 Sions prestar kler eg ¬med frelse,og dei trugne skal ropa ¬av fagnad.
17 Der lèt eg Davids-ætta få makt,eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva.
18 Hans fiendar vil eg kle ¬med skammen på hans hovud ¬skal krona stråla.»