1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme av David,
2 då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hjå oss.»
3 Frels meg ved ditt namn, Gud,og hjelp meg til min rett ¬med di kraft!
4 Høyr mi bøn, Gud,vend øyra til dei ord eg talar!
5 For framande har reist seg ¬mot meg,valdsmenn står meg etter livet.Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6 Men sjå, Gud er min hjelpar,det er Herren ¬som held meg oppe.
7 Gjev han må la ulukka ¬koma over mine fiendar!Gjer ende på dei i din truskap!
8 Med viljug hjarta ¬skal eg ofra til degog prisa ditt namn, Herre,for du er god.
9 Herren friar meg ut ¬or all naud,eg får sjå at mine fiendar fell.