1 Ein song. Ein salme.Av Korah-songarane.
2 Stor er Herren, ¬og høgt er han lovai vår Guds by, ¬på hans heilage fjell.
3 Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda,Sion-fjellet lengst i nord,byen åt den store kongen.
4 Gud er i borgene der,kjend som eit trygt vern.
5 Sjå, kongane slo seg saman,i fylking drog dei fram.
6 Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmdeog rømde i bråhast.
7 Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle,av angst ¬som ei fødande kvinne.
8 Det var som når storm ¬frå austknuser Tarsis-skip.
9 Det vi før høyrde, ¬har vi no setti byen åt Herren, Allhærs Gud,i vår Guds by.Han held han oppe ¬til evig tid. Sela
10 Vi grundar på din truskap, Gud,i ditt heilage tempel.
11 Ditt namn er kjent, Gud,og det får lovsongheilt til endane av jorda.Di høgre hand ¬er full av rettferd.
12 På Sion-fjellet gleder dei seg,og i Juda-byane jublar deiover dine domar.
13 Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring,tel kvart tårn i byen!
14 Legg merke til festningsvollaneog gå igjennom borgene!Fortel så til den ætt som kjem,
15 at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig.Han skal føra oss ut ¬over døden.