Salmane 105 N78NN

Gud fører folket sitt

1 Pris Herren, ¬og kalla på hans namn,gjer hans storverk kjende ¬mellom folka!

2 Syng for han, og spel for han,tal om alle hans under!

3 Ros dykk av hans ¬heilage namn!Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.

4 Spør etter Herren og ¬hans makt,søk alltid hans åsyn!

5 Kom i hug dei under ¬han har gjort,hans teikn og domsord,

6 de born av Abraham, ¬hans tenar,Jakobs søner, ¬som han har valt ut.

7 Han er Herren vår Gud,over all jorda rår hans rett.

8 Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid,det ord han gav til tusen ætter,

9 den pakt han gjorde ¬med Abraham,sin dyre lovnad til Isak.

10 Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob,til ei evig pakt for Israel.

11 Han sa: «Deg vil eg gjeKanaan til arv og eige.»

12 Då dei endå var få i landet,ein liten flokk av innflyttarar,

13 vandra dei frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

14 Men han lét ingen få kua dei,han tukta kongar ¬for deira skuld:

15 «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»

16 Han kalla hungersnaud ¬over landet,og kvar brødstav ¬braut han sund.

17 Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei,Josef vart seld til træl.

18 Dei tvinga hans føter i lekkjer,og jern vart lagt ¬om hans hals,

19 heilt til det han sa, slo til,og Herrens ord gav han rett.

20 Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri,folkestyraren sleppte han laus.

21 Han sette han til herre ¬over sitt hus,til styrar over alt det han åtte.

22 Etter sin eigen viljeskulle han rettleia ¬kongens stormennog læra hans eldste sin visdom.

23 Så kom Israel til Egypt,Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.

24 Gud lét folket sitt aukast mykjeog gjorde det sterkare ¬enn fiendane.

25 Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folkog fór med svik ¬mot hans tenarar.

26 Då sende han Moses, sin tenar,og Aron, som han hadde ¬valt ut.

27 Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket,undergjerningar ¬i hamittarlandet.

28 Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på,trassa dei endå hans ord.

29 Han gjorde vatnet der til blodog lét fisken deira dauda.

30 Det krydde av frosk i landet,jamvel i kongens salar.

31 På Guds påbod kom det kleggog mygg i kvar ei bygd.

32 Han gav dei hagl ¬i staden for regnog sende logande eld ¬i landet;

33 han slo ned deira vintre ¬og fikentre,ja, knuste kvart tre i riket.

34 På hans bod ¬kom ein grashoppesvermog larver i tallaus mengd.

35 Dei åt opp alt ¬som voks i landet,og grøda på marka gnog dei av.

36 Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet,fyrstegrøda av folkets kraft.

37 Så førte han israelittane ut,og dei tok med seg sølv og gull;det var ingen ¬i hans ætter som snåva.

38 I Egypt var det glede ¬då dei drog ut,for folket skalv ¬av redsle for dei.

39 Han breidde ut ei sky til vernog ein eld til å lysa om natta.

40 Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlarog metta dei med himmelbrød.

41 Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram,det rann som ei elv ¬i det turre landet.

42 For han kom i hug ¬sitt heilage ordtil Abraham, sin tenar.

43 Så lét han folket dra ut ¬med glede,hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel.

44 Han gav dei land ¬som andre folk åtte,dei fekk overta frukta ¬av deira strev,

45 så dei skulle halda ¬hans føresegnerog ta vare på hans lover.Halleluja!