Salmane 33 N78NN

Lovsong til Herren, ¬skaparen og styraren

1 Rop av fryd for Herren,de rettferdige!Det sømer seg for dei ærlegeå syngja Herrens pris.

2 Lovsyng han til lyre,og spel på tistrengja harpe!

3 Syng ein ny song for han,spel fagert og rop av glede!

4 For Herrens ord er sanning,alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rett og rettferd,jorda er full av hans miskunn.

6 Ved Herrens ord ¬vart himmelen skaptog himmelhæren ¬ved ein pust frå hans munn.

7 Han samla havvatnet ¬som i eit kar,la havsens djup i opplagsrom.

8 For Herren ¬må heile verda ottast,for han må dei skjelva,alle som bur på jord.

9 For han tala, og det skjedde,han baud, og det stod der.

10 Herren bryt dei planar ¬folka legg,hindrar dei i ¬å fullføra sine tankar.

11 Men Herrens plan ¬står fast for evig,hans hjartans tankar ¬frå ætt til ætt.

12 Sælt er det folk ¬som har Herren til Gud,det folk han har valt ¬til sin eigedom!

13 Frå himmelen skodar ¬Herren nedog ser kvart menneske.

14 Frå sin tronstol held han augamed alle som bur på jorda,

15 – han som har laga ¬kvar manns hjarta,og merkjer seg alt det dei gjer.

16 Stor makt gjev ¬ingen konge siger,stor styrke bergar ¬ingen mann i krig.

17 Hesten er ein svikefull hjelpar,han bergar ingen ¬med all si kraft.

18 Men Herrens auga kviler på deisom ottast han ¬og ventar på hans miskunn,

19 så han kan fria dei frå dødenog berga dei ¬gjennom hungersnaud.

20 Vi ventar med lengsle ¬på Herren;han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarta gleder seg i han;for vi set vår lit ¬til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, ¬Herre!Det er deg vi ventar på.