1 Ei bøn. Av David.Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud,høyr mitt rop og merk mi bønfrå lipper som er utan svik.
2 Lat meg frikjennast ¬ved din dom!Dine augo ser då ¬kva som er rett.
3 Om du prøver mitt hjartaog granskar det om natta,ja, om du prøver meg med eld,finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg.Eg synda ikkje med min munn,
4 så som mange menneske gjer.Etter det ordet du har tala,heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.
5 Eg fylgde i dine fotefarog gjekk med faste steg.
6 Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud.Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!
7 Syn din godleik ¬i underfull gjerning!Du frelser dei ¬som flyr frå fiendarog søkjer livd ¬ved di høgre hand.
8 Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen ¬av dine venger
9 for dei gudlause ¬som går imot meg,for dødsfiendar ¬som omringar meg.
10 Dei har late att sitt harde hjartaog teke hovmodige ord ¬i sin munn.
11 No er dei ikring meg ¬kvar eg går,dei siktar på å slå meg til jorda.
12 Dei liknar ei rovgrisk løve,ei ungløve som ligg på lur.
13 Reis deg, Herre!Gå imot fienden ¬og tving han i kne!Fri meg frå nidingen ¬med ditt sverd!
14 Fri meg, Herre, med di handfrå menneske i denne verdasom alt har fått si løn.Fyll dei med det du har etla dei,så sønene deira vert metteog lèt resten gå til sine born.
15 Men eg skal i rettferd ¬få sjå ditt andlet;når eg vaknar,skal eg sjå din skapnad ¬og mettast.