Salmane 135 N78NN

Eg veit at Herren er stor

1 Halleluja!Pris Herrens namn,syng lovsong, Herrens tenarar,

2 de som står i Herrens hus,i føregardane til vår Guds hus!

3 Pris Herren, for han er god,lovsyng hans namn, ¬for det er herleg!

4 For Herren har valt ut Jakob,gjort Israel til sin eigedom.

5 Ja, eg veit at Herren er stor,vår Herre er større ¬enn alle gudar.

6 Alt han vil, det gjer han,i himmelen og på jorda,i havet og alle dei store djup.

7 Han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda,skaper lyn, lèt regnet fallaog sender vinden ¬frå hans opplagsrom.

8 Han slo dei fyrstefødde ¬i Egypt,både av folk og fe.

9 Han sende teikn ¬og gjorde underi landet ditt, Egypt,med farao og alle hans tenarar.

10 Han slo ned mange folkeslagog gjorde ende ¬på sterke kongar:

11 amorittkongen Sihon,kong Og i Basanog alle kongane i Kanaan.

12 Han gav deira land ¬til odel og eigefor Israel, sitt folk.

13 Herre, evig varer ditt namn,ætt etter ætt kjem deg i hug.

14 For Herren hjelper sitt folk ¬til deira rett,har medynk med sine tenarar.

15 Dei gudebilete folka dyrkar,er laga av sølv og gull;dei er eit verk ¬av menneskehender.

16 Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

17 Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,det er ikkje pust i deira munn.

18 Såleis vert dei ¬som lagar dei òg,og alle som set si lit til dei.

19 Israels ætt, lov Herren!Arons ætt, lov Herren!

20 Levis ætt, lov Herren!Lov Herren, de som ottast han!

21 Lova vere Herren frå Sion,han som bur i Jerusalem!Halleluja!