1 Til korleiaren. Med strengespel.Ein Davids-salme.
2 Når eg ropar, så svar meg,du Gud som er mi rettferd.I nauda fann du utveg for meg.Ver meg nådig, og høyr mi bøn!
3 De menneske, kor lengeskal mi ære krenkjast?Kor lenge vil de elska fåfengdog jaga etter lygn og svik? Sela
4 Vit at Herren gjer underfor den som er trufast mot han.Herren høyrer ¬når eg ropar til han.
5 Skjelv av redsle ¬og synda ikkje meir,tenk dykk om på lega, ¬og ver stille! Sela
6 Ber fram dei rette offer,og set dykkar lit til Herren!
7 Det er mange som seier:«Gjev vi fekk oppleva lukke!Lat ljoset frå ditt åsynskina over oss, Herre!»
8 Du gjev meg større glede ¬i hjartaenn dei andre harnår dei får korn og vin i mengd.
9 I fred vil eg leggja meg ned ¬og sova.For du, Herre, einast dulèt meg kvila trygt.