Salmane 119 N78NN

Guds ord og bod

1 Sæl er den som er heil ¬i si ferdog fylgjer Herrens lov.

2 Sæle er dei ¬som held hans lovbodog søkjer han ¬av heile sitt hjarta,

3 dei som ikkje gjer urett,men ferdast på hans vegar.

4 Du har gjeve dine føresegnerfor at dei skal haldast nøye.

5 Ja, gjev mine steg vart fasteså eg kunne halda ¬dine føreskrifter!

6 Eg skal aldri verta til skammarnår eg gjev akt ¬på alle dine bod.

7 Eg prisar deg av eit ¬ærleg hjartanår eg lærer å kjennadine rettferdige domar.

8 Dine føreskrifter vil eg halda;du må ikkje reint forlata meg!

9 Korleis skal ein ungdomhalda sin stig rein?Når han held seg til dine ord.

10 Eg søkjer deg ¬av heile mitt hjarta,lat meg ikkje villast bort ¬frå dine bod!

11 I hjarta gøymer eg ditt ord,så eg ikkje skal synda mot deg.

12 Lova vere du, Herre!Lær meg dine føreskrifter!

13 Med mine lipper reknar eg oppalle domane frå din munn.

14 Når eg ferdast ¬etter dine lovbod,er eg glad ¬som om eg hadde all rikdom.

15 Eg vil grunda ¬på dine føresegnerog tenkja på dine stigar.

16 Dine føreskrifter er mi lyst,eg gløymer ikkje dine ord.

17 Gjer vel mot din tenar,så eg kan leva ¬og halda dine ord.

18 Lat opp mine augo, ¬så eg kan sjådei underfulle ting i di lov!

19 Eg er ein gjest på jorda,løyn ikkje dine bod for meg!

20 Stendig fortærest mi sjelav lengsle etter dine domar.

21 Du har truga dei frekke ¬og forbanna,som fer vilt og bryt dine bod.

22 Ta spott og vanvørdnad ¬frå meg,for eg held dine lovbod.

23 Om hovdingar sit ¬og samrår seg mot meg,grundar din tenar ¬på dine føreskrifter.

24 Ja, dine lovbod er mi lyst,det er dei som gjev meg råd.

25 Eg ligg hjelpelaus i støvet.Hald meg i live etter ditt ord!

26 Eg fortalde om mine vegar,og du svara meg.Lær meg dine føreskrifter!

27 Lat meg skjøna den veg ¬dine føresegner viser!Eg vil grunda på dine under.

28 Eg græt og syrgjer sårt.Reis meg opp etter dine ord!

29 Hald meg borte ¬frå lygnevegen,og unn meg i nåde di lov!

30 Truskapsvegen har eg valt,dine domar har eg for auga.

31 Eg held fast på dine lovbod.Herre, lat meg ikkje verta ¬til skammar!

32 Eg vil springa den veg ¬dine bod viser,for du friar mitt hjarta ¬frå angst.

33 Herre, lær meg den veg ¬dine føreskrifter viser,så vil eg fylgja han ¬heilt til slutt!

34 Gjev meg vit, så eg fylgjer ¬di lovog held henne ¬av heile mitt hjarta!

35 Lat meg gå på den stig ¬dine bod viser,for han er til hugnad for meg.

36 Bøy mitt hjarta til dine lovbodog ikkje til ussel vinning!

37 Vend mine augo frå svik,hald meg i live på din veg!

38 Stadfest ditt ord for din tenar,så eg kan ha age for deg.

39 Ta bort den vanære ¬som eg er redd,for dine domar er gode!

40 Sjå, eg lengtar ¬etter dine føresegner,hald meg i live ved di rettferd!

41 Herre, lat di miskunn og frelsekoma til meg etter ditt ord!

42 Så kan eg svara ¬dei som spottar meg,for eg lit på ditt ord.

43 Ta ikkje sanningsordet ¬frå min munn,for eg ventar på dine domar.

44 Så vil eg alle dagarstendig halda di lov.

45 Lat meg ferdast i ope lende,for eg spør ¬etter dine føresegner!

46 Eg vil tala for kongar ¬om dine lovbod,og eg skal ikkje verta ¬til skammar.

47 Eg har mi glede i dine bod,dei held eg av.

48 Eg lyfter mine hendertil dine bod, som eg elskar,og eg grundar ¬på dine føreskrifter.

49 Kom i hug ditt ord ¬til din tenar!Du har då gjeve meg von.

50 Det er mi trøyst i nauda,at ditt ord held meg i live.

51 Dei frekke ¬spottar meg stendig,men eg har ikkje bøygt av ¬frå di lov.

52 Eg kjem i hug dine domar ¬frå gamal tid,og då finn eg trøyst, Herre.

53 Eg har vorte brennande harmpå dei vonde som sviktar ¬di lov.

54 Dine føreskrifter ¬har vorte til songar for megi huset der eg bur ¬som framand.

55 Eg kjem i hug ditt namn ¬om natta, Herre,og held meg til di lov.

56 Så har det vorte for megat eg fylgjer dine føresegner.

57 Herren er min lut og del;eg har sagt ¬at eg vil halda dine ord.

58 Eg bed deg av heile mitt hjarta:Ver meg nådig etter ditt ord!

59 Eg har grunda på mi ferdog vendt meg til dine lovbod.

60 Eg dryer ikkje, ¬men skundar megmed å halda dine bod.

61 Snarene åt dei gudlause ¬slyngjer seg om meg,men eg har ikkje gløymt di lov.

62 Midt på natta ¬står eg opp og prisar degfor dine rettferdige domar.

63 Eg held meg til alle ¬som ottast degog fylgjer dine føresegner.

64 Jorda er full av di miskunn, ¬Herre.Lær meg dine føreskrifter!

65 Herre, etter ditt ordhar du gjort vel mot din tenar.

66 Gjev meg kunnskap og ¬godt vit,for eg trur på dine bod!

67 Før eg vart audmykt, fór eg vilt,men no held eg meg ¬til ditt ord.

68 God er du, og godt gjer du.Lær meg dine føreskrifter!

69 Dei frekke har sverta meg ¬med lygn,men eg held heilhuga ¬dine føresegner.

70 Deira hjarta er feitt og sløvt,men eg har mi lyst i di lov.

71 Det var godt for meg ¬at eg vart audmykt,så eg kunne læra ¬dine føreskrifter.

72 For meg er lova ¬som du forkynner,betre enn tusen stykke ¬gull og sølv.

73 Dine hender har skapt ¬og forma meg.Gjev meg skjøn, ¬så eg lærer dine bod!

74 Dei som ottast deg, ¬skal sjå meg med glede,for eg ventar på ditt ord.

75 Herre, eg veit ¬at dine domar er rette;i truskap har du audmykt meg.

76 Lat din godleik vera mi trøystetter ditt ord til din tenar!

77 Lat meg møta di miskunn, ¬så eg kan leva,for di lov er mi lyst.

78 Lat dei frekke verta ¬til skammar,dei som lyg på meg ¬og gjer meg urett.Eg grundar på dine føresegner.

79 Lat dei venda seg til meg,dei som ottast deg ¬og kjenner dine lovbod.

80 Lat meg fylgja dine føreskrifter ¬av heile mitt hjarta,så eg ikkje vert til skammar.

81 Mi sjel brenn av lengsle ¬etter di frelse,og eg ventar på ditt ord.

82 Mine augo lengtar ¬etter ditt ord,og eg spør: ¬«Når vil du trøysta meg?»

83 For eg har vorte ¬som ein turr skinnsekk;men dine føreskrifter ¬gløymer eg ikkje.

84 Kor lenge skal din tenar venta?Når vil du døma ¬dei som forfylgjer meg?

85 Dei frekke som ikkje held ¬di lov,grev fallgraver for meg.

86 Alle dine bod er pålitelege.Hjelp meg mot dei ¬som forfylgjer meg med lygn.

87 Dei har mest gjort ende på meg ¬her i landet,men eg sviktar ikkje ¬dine føresegner.

88 Ver trufast og hald meg i live,så vil eg fylgja ¬dei lovbod du har gjeve.

89 I all æve, Herre, varer ditt ord,det står fast i himmelen.

90 Din truskap varer ¬frå ætt til ætt;du har grunnlagt jorda, ¬og ho står fast.

91 Etter di ordning ¬står ho framleis,for alle ting må tena deg.

92 Dersom ikkje di lov var mi lyst,gjekk eg til grunne i mi naud.

93 Aldri gløymer eg ¬dine føresegner,for ved dei har du halde meg ¬i live.

94 Frels meg, for eg høyrer deg til!Eg spør etter dine føresegner.

95 Dei gudlause ligg på lurog vil gjera ende på meg.Eg aktar på dine lovbod.

96 Eg har sett at alt tek slutt,kor fullkome det enn er,men ditt bod har inga grense.

97 Å, kor eg elskar di lov,heile dagen er ho ¬i mine tankar.

98 Dine bod gjer meg visare ¬enn mine fiendar,for dei har eg alltid hjå meg.

99 Eg har større skjøn ¬enn alle mine lærarar,for eg grundar på dine lovbod.

100 Eg skjønar meir enn dei gamle,for eg fylgjer dine føresegner.

101 Eg held min fot ¬frå kvar vond stig,så eg kan ta vare på ditt ord.

102 Eg har ikkje vike ¬frå dine domar,for du har lært meg opp.

103 Å, dine ord er søte ¬for min gane,betre enn honning ¬for min munn.

104 Av dine føresegner får eg vit,difor hatar eg alle falske stigar.

105 Ditt ord er ei lykt for min fotog eit ljos på min stig.

106 Eg har svore ¬– og det har eg halde –å fylgja dine rettferdige domar.

107 Djupt er eg nedbøygd, Herre;hald meg i live etter ditt ord!

108 Ta vel imot mitt songoffer, ¬Herre,og lær meg dine domar!

109 Eg går støtt med livet ¬i hendene,men eg har aldri gløymt di lov.

110 Dei gudlause set snarer ¬for meg,men eg vildrar meg ikkje bort ¬frå dine føresegner.

111 Dine lovbod er min eigedom ¬for alltid,ja, dei gleder mitt hjarta.

112 Etter dine føreskrifter ¬rettar eg meg,og det vil eg alltid gjera ¬til mi siste stund.

113 Eg hatar vinglande menneske,men di lov elskar eg.

114 Du er mitt skjold og vern;eg ventar på ditt ord.

115 Vik frå meg, de som gjer vondt!Eg vil halda min Guds bod.

116 Hald meg oppe etter ditt ord,så eg kan få leva.Lat ikkje mi von ¬verta til skammar!

117 Stø meg, så eg kan verta frelstog alltid ha dine føreskrifter ¬for auga.

118 Alle som vildrar seg bort ¬frå dine føreskrifter,viser du frå deg, ¬for dei tenkjer på svik.

119 Alle dei vonde i landettek du bort som slagg;difor elskar eg dine lovbod.

120 Min lekam skjelv ¬av redsle for deg;eg har age for dine domar.

121 Eg har gjort rett og rettferd.Gjev meg ikkje over ¬til valdsmennene!

122 Gå god for din tenar, ¬så det går han vel.Lat ikkje dei frekke få kua meg!

123 Eg ser med lengsle ¬etter di frelseog etter ditt rettferdige ord.

124 Far fram i truskap ¬mot din tenar,og lær meg dine føreskrifter!

125 Eg er din tenar; gjev meg vit,så eg kan skjøna dine lovbod!

126 Det er tid for Herren ¬til å gripa inn;for dei har brote di lov.

127 Eg elskar dine bodmeir enn gull, ja, fint gull.

128 Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner;eg hatar alle falske stigar.

129 Underfulle er dine lovbod,difor tek eg vare på dei.

130 Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg,dei gjev den urøynde skjøn.

131 Med lengsle opnar eg munnen,for eg stundar etter dine bod.

132 Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn.

133 Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord,lat ingen urett få makt ¬over meg!

134 Fri meg frå menneskevald,så vil eg halda dine føresegner!

135 Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar,og lær meg dine føreskrifter!

136 Tårene strøymer frå augo mine,fordi folket ikkje held di lov.

137 Rettferdig er du, Herre,og rettvise er dine domar.

138 Du gav dine lovbod i rettferdog i din store truskap.

139 Eg forgår av brennhug,fordi mine fiendar ¬har gløymt dine ord.

140 Skirt og reint er ditt ord,din tenar elskar det.

141 Liten og vanvørd er eg,men dine føresegner ¬gløymer eg ikkje.

142 Di rettferd er ei evig rettferd,og di lov er sanning.

143 Naud og trengsle har råka meg,men dine bod er mi lyst.

144 Dine lovbod er alltid rette.Gjev meg skjøn, så eg kan leva!

145 Av heile mitt hjarta ¬ropar eg, Herre.Svar meg, så vil eg fylgja ¬dine føreskrifter!

146 Eg ropar til deg. Frels meg,så vil eg halda dine lovbod!

147 Før morgonen renn, ¬ropar eg om hjelp;eg ventar på dine ord.

148 Eg ligg vaken i nattevakteneog grundar på ditt ord.

149 Herre, du som er trufast, ¬høyr når eg ropar,hald meg i live ¬etter dine domar!

150 No kjem dei ¬som skamlaust ¬forfylgjer meg,dei som er langt borte frå ¬di lov.

151 Men, Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152 Av dine lovbod ¬har eg lenge skjønaat du har fastsett dei for evig.

153 Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154 Før mi sak og løys meg ut,hald meg i live etter ditt ord!

155 Langt frå frelsa er dei ¬gudlause,for dei spør ikkje ¬etter dine føreskrifter.

156 Stor er di miskunn, Herre,fell din dom og lat meg leva!

157 Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot;men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod.

158 Eg ser med uvilje ¬på dei trulause,som ikkje gjev akt på ditt ord.

159 Sjå, eg elskar dine føresegner!Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live!

160 Summen av dine ord er sanning,evig er all din rettferdige dom.

161 Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn,så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta.

162 Eg gleder meg over ditt ord,lik ein som fører bort ¬stort hærfang.

163 Eg hatar og avskyr lygn,og eg elskar di lov.

164 Sju gonger om dagen ¬prisar eg degfor dine rettferdige domar.

165 Dei som elskar di lov, ¬har fred og lukke,ingen ting får dei til å snåva.

166 Eg set mi von ¬til di frelse, Herre;og dine bod har eg halde.

167 I min hug ¬tek eg vare på dine lovbod,ja, eg elskar dei høgt.

168 Dine bod og føresegner ¬har eg halde,du kjenner alle mine vegar.

169 Lat mitt klagerop ¬koma fram for deg, Herre,gjev meg skjøn etter ditt ord!

170 Lat mi inderlege bøn ¬koma fram for deg,berga meg etter ditt ord!

171 Frå mine lipper ¬skal lovsongen strøyma,for du lærer meg ¬dine føreskrifter.

172 Eg skal syngja om dine ord,for alle dine bod er rettferdige.

173 Kom meg til hjelp ¬med di hand!For eg har valt dine føresegner.

174 Eg lengtar etter di frelse, Herre,di lov er mi lyst.

175 Lat meg leva, ¬så skal eg prisa deg,lat meg få hjelp av dine domar!

176 Eg har gått meg vill ¬som ein bortkomen sau.Leita etter meg, din tenar,for eg har ikkje ¬gløymt dine bod.