1 Ein salme til takkofferet.Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!
2 Ten Herren med glede,kom fram for han med fagnad!
3 Skjøn at Herren er Gud!Han har skapt oss, ¬ikkje vi sjølve,til sitt folk ¬og til den hjord han gjæter.
4 Gå gjennom hans portar ¬med takkesong,inn i hans tempelgardar ¬med lovsong!Lov han og pris hans namn!
5 For Herren er god, ¬hans miskunn er evig,hans truskap varer ¬frå ætt til ætt.