1 Syng ein ny song for Herren,syng for han, all jorda!
2 Syng for Herren, ¬pris hans namn,forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!
3 Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom,mellom alle folk ¬om hans under!
4 Ja, stor og høglova er Herren,meir ageleg enn alle gudar.
5 Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde.Det var Herren ¬som skapte himmelen.
6 Høgd og herlegdom ¬er framføre han,makt og glans i hans tempel.
7 Gjev Herren ære og makt,gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!
8 Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha!Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!
9 Bøy dykk ned for Herrenog tilbed han i heilagt skrud!Skjelv for hans åsyn, all jorda!
10 Sei mellom folka: ¬Herren er konge;ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast.Han dømer folka med rettferd.
11 Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla,havet og alt som er i det, ¬skal brusa.
12 Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla,kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.
13 Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem;han kjem og vil døma jorda.Han skal døma verda ¬med rettferdog folka med truskap.